Visuell identitet 

Saman kan vi bygge di merkevare!

Vi vil hjelpe deg å finne identiteten til bedrifta di. Vi gir deg verktøya du treng for å kunne halde ein raud tråd gjennom alt av kommunikasjon med kundane dine. Vi sett opp ei profilhandbok som gjer det enkelt for deg å ta i bruk elementa i profilen dykkar, og å bruke dei på riktig måte. Vi er behjelpelege på heile nye profilar, endringar i eksisterande profilar eller med delar av dykkar grafiske profil, til dømes forming av logo. Sjå under for meir informasjon om kva vi kan tilby deg!

Er di bedrift i ein oppstartsfase eller er det på tide med ei fornying? Ta kontakt med oss for eit kjekt samarbeid!

  • Ei god profilhandbok gjer det enkelt for deg å kunne kommunisere bedrifta sin identitet til kundane. For å sette opp ei profilhandbok går vi først grundig inn i kven de er som bedrift - kva de gjer, kva som er viktig for dykk, kva de ynskjer å oppnå og korleis. Deretter finn vi dykkar uttrykk og utviklar elementa som skal vere med. I profilhandboka sett vi opp alle elementa som tilhøyrer din identitet og bruken av dei.

    Du vil få oversikt over identitetselementa til bedrifta - logo, fargar, skrifttypar, bilete, og evt. andre element. Her vil vi òg gi deg føringar i korleis bruke elementa for best mogleg resultat i eigen kommunikasjon. I tillegg kan døme på bruk på nettside, visittkort, og liknande visast.

  • Namnet til bedrifta di er kanskje det viktigaste av alt, her ligg mykje av identiteten og ofte kan det forklare kva du gjer. Vi kan vere med deg heilt fra starten på ditt prosjekt, med kreativitet og kunnskap kan vi saman skape ditt nye namn!

    Alle gode namn treng ein logo!

    Logoen skal styrke namnet, og saman skal dei spegle identiteten til bedrifta. Ein logo kan vere eit symbol (til dømes Nike) eller det kan vere namnet på bedrifta (til dømes LEGO). Vi vil hjelpe deg å utvikle ein logo som er tydeleg, ser bra ut, tåler tid og som er brukarvenleg på ulike flater.

  • Med illustrasjonar kan ein forsterke bodskapen. Illustrasjonar kan ha ulike funksjonar, som å forklare, sjarmere, vekke kjensler eller gi eit innslag av humor. Vi kan skape ein unik stil for di bedrift, dette gjer at du får eit særeigent uttrykk og lett blir gjenkjent over ulike flater.

  • Eit grafisk element vil ikkje alltid vere det same. Det kan til dømes vere eit mønster eller eit symbol, det vil variere frå bedrift til bedrift, ut i frå kva ein treng i sin visuelle identitet. Elementet skal hjelpe kunden til å forstå kven avsendaren er, noko som gjer at du blir kjent igjen.

  • Ein skrifttype fungerar som stemma til bedrifta, derfor er det viktig å vere konsekvent i bruken slik kunden forstår kven dei kommuniserar med. Saman med skrifta gjenspeglar fargar kjensler og gir kunden ulike assosiasjonar. Desse kan saman sette tone-of-voice, og vise til om bedrifta er til dømes sporty eller elegant. Saman finn vi di bedrift si stemme og personlegheit.

  • Ein kan og bør nytte bilete og film til å formidle bodskap, identitet, kjensle og mykje meir.

    For å styrke merkevara di anbefalar vi deg å vere konsekvent i val av fotostil. Det beste er å nytte eigne autentiske profesjonelle bilete i all kommunikasjon. Vi kan skreddarsy bileta for di merkevare, slik at du vil skilje deg ut frå massane på best mogleg vis. Gode bilete gir kunden ei kjensle av profesjonalitet og truverd, noko av det kunden ser etter når viktige val skal takast.

    Sjå sida vår for foto og video for meir informasjon om korleis vi kan hjelpe deg!

  • Vi set opp det du treng av malar for kontorsaker (brevark, visittkort, e-post signatur m.m.) Slik vert det lettare å bruke profilen dykkar og halde på identiteten gjennom alt av kommunikasjon. Vi kan designe og produsere alt frå små visittkort til større skilt og bildekor, alt du treng av profileringsartiklar kan vi ordne for deg!

    Sjå innom produksjonssida våra for meir informasjon.

  • Treng du ei ny nettside eller oppgradering av nettsida di? Vi følgjer den visuelle identiteten din og byggjer ei nettside som er brukarvenleg for både deg og kundane dine. Ta ein kik innom her, så finn vi gode løysingar for deg!