Produksjon

Vi er med frå planleggingfase til ferdig produkt og leveranse.

Å vere eit fullservice kommunikasjonsbyrå vil seie at vi gjer prosessen enkel for deg! Vi er med deg gjennom alle fasane heilt til ferdig produkt, som gjer at vi har kontrollen heile vegen og du treng berre å forhalde deg til oss på möremedia.

Profileringsartiklar

Vi vil halde på identiteten din for alt av kommuikasjon, digitalt og analog. Vi designar og produserar trykksaker, bildekor, skilt, utsmykking, og elles det du skulle trenge til di bedrift. Skal du på messe eller ein annan event, kan vi hjelpe deg. Vi lagar messestand, rollup, visittkort, brosjyrer, totebag og anna merch som du skulle trenge for å fremme di bedrift.

Det er mykje i kvardagen òg ein treng, som ein ikkje alltid har tid til å prioritere. Diverse kontorrekvisittar, som pennar, konvoluttar og brevmalar, òg digitalt med til dømes e-post signatur, gir bedrifta eit gjennomført og profesjonelt uttrykk. Vi vil vise bedrifta di frå si beste side, vi designar og produserar reklame, skilt, plakatar, dekorfolie, med meir. I tillegg bistår vi med utsmykking, både fotografering og produksjon. Alt du treng av profileringsartiklar - det ordnar vi på möremedia!

 

Trykksaker

Vi designar og produserar det du skulle trenge av trykksaker. Vi designar etter di verksemd sitt uttrykk, og hjelp deg med å vise igjen i mengda. Vi produserar trykksaker i små og store format, slik du får akkurat det du vil ha.

Vi tilbyr oppsett og produksjon av: visittkort, brevmal, konvolutt, kalender, flyer, hefte, brosjyre, magasin, blokk, rollup, anna messemateriell, emballasje, plakat, årsrapport, berekraftsrapport, med meir. Vi kan òg tilby tekstiltrykk - kven vil ikkje ha ei deilig jakke eller ein flott tote bag, som gjer turen på butikken litt grønare, med din fantastiske logo på?

Rapportar

Vi sett opp dine rapportar (årsrapportar og andre) med fokus på god historieforteljing. Med dette ynskjer vi å lage noko som ikkje berre blir skapfyll, men som kan vere spennande og interessant for alle. Rapportane vil innehalde alt som er krevd av dei, men òg kunne seie noko om verksemda, framtidsutsikter, menneska og til dømes samfunnsengasjement. Vi sett opp rapportane i stil med verksemda sin visuelle identitet, slik det blir ein saumlaus overgong frå eksisterande materiell. I rapportane nyttar vi mykje bilete og infografikk for å illustrere informasjonen og gjere den lettare fordøyeleg.

Vi tilbyr å lage rapportane digitalt, slik kan ein få ei meir interaktiv og spennande oppleving. Det vikitigaste med å skulle digitalisere ein rapport er at den blir lett tilgjengeleg; internt, eksternt, til kven enn ein skulle nå ut til. Digitalt får vi meir fridom til å krydre rapportane med til dømes video og animasjon, i tillegg til bilete og infografikk. Dette gjer store mengder informasjon lettare og meir interessant å lese. Med å visualisere informasjonen blir heile rapporten meir levande.

Designet på rapportane kan brukast opp att for framtidige rapportar, med responsivt design kan dei enkelt oppdaterast og tilpassast for nytt innhald.

Produksjon og samarbeid

I tett samarbeid med lokale produksjonsverksemder kan vi by på alt innan profilering, storformatprint, bildekor, tekstiltrykk og trykksaker. Slik kan vi følgje dykk under heile prosessen, frå idè til ferdig produkt!

 
  • Bildekor, heilfoliering, maskindekor, lastebildekor, skilt, Uv-print, fasadedekor, fresa dekor, frostafolie, banner, rollup, stadionreklame, trykksaker, plakatar, aluprint/fotoprint, veggdekor, tekstiltrykk og montering.