Nettside

Nettsida er nok din einaste tilsette som er på jobb 24/7. Nettsida blir bedrifta sitt andlet og stemme ut i verda. Kanskje er det her kunden din treff deg for aller fyrste gong?

Vi arbeidar for at du skal vere synleg på nettet. Smarte løysingar og enkel utforming vil gjere det enkelt å navigere seg rundt på nettsida og sørge for ei god brukaroppleving. Vi vil hjelpe deg å vise fram dine produkt og tenester på best mogleg måte. Alle sider bygd i Squarespace er responsive. Det vil seie at dei tilpassar seg heilt automatisk til både mobil og nettbrett.

Her startar prosessen!

Før sjølve utviklinga av nettsida byrjar, må vi saman med deg kartlegge kva du ynskjer får nettsida - kva vil du seie og kven til. Ut i frå dette vil vi kunne forme ei nettside som fremmar dykkar mål og kommuniserar godt med målgruppa. Vi utviklar strategiske nettsider, med fokus på brukarvenlegheit.

Innhaldsproduksjon til nettsida er ein stor del av arbeidet. Dette innebær alt av tekst, bilete og video, vi er behjelpeleg på alle frontar. Med vår inhouse fotograf kan vi skreddarsy bileta for bedrifta di, det vil gi eit profesjonelt og heilskapleg uttrykk på nettsida.

Squarespace Website Builder

Ved å bruke Squarespace til oppbygging av nettside vil du få tilgang til eit moderne verktøy som er lett for deg å kunne endre og oppdatere di nettside - du treng ikkje erfaring i webdesign. Med Squarespace som publiseringsverktøy får ein brukarvenlege nettsider med fleire praktiske funksjonar integrert. Dette gjer at ein kan tilpasse nettsida etter kva behov ein har for si bedrift, til dømes bookingsystem, nettbutikk og epostkampanjer. I tillegg er SEO-løysingane (søkemotoroptimalisering) i Squarespace gode. Her vil du få tilgang til Squarespace analytics der du får informasjon om til dømes trafikk, geografi og aktivitet på nettsida. Ein kan òg enkelt koble nettsida opp mot Google analytics. Vi vil sørge for at di bedrift er godt synleg og optimalisere nettsida for deg.

Support

Før vi publiserar nettsida, gir vi deg den opplæring du treng. Vi vil gå gjennom dei viktige punkta for deg som eigar av nettsida - korleis enkelt gjere endringar, oppdatere og publisere - og korleis finne informasjon om trafikken på nettsida om du ynskjer det. Vi vil òg stille opp for deg om du skulle trenge hjelp i etterkant av publiseringa.

Vi tilbyr å drifte nettsida di, eller vi kan vere ei forlengande arm til marknadsavdelinga i bedrifta. Ta gjerne ein kik innom digital marknadsføring om dette skulle vere relevant for deg!

 

Gi kunden din eit godt førsteinntrykk med ei moderne og brukarvenleg nettside!