• Vi hjelper deg med å definere og styrke identiteten til bedrifta di. Med ein tydeleg visuell profil får du verktøya som trengst for å halde ein raud tråd i all kommunikasjon med kundane dine.

    Vi utarbeider ei profilhandbok som gjer det enkelt å ta i bruk dei ulike elementa i profilen, og bruke dei på riktig måte.

    Enten du treng ein heilt ny profil, justeringar i den eksisterande eller enkeltkomponentar som logo og grafiske element, står vi klare til å hjelpe deg.

  • Med god strategi, kreativitet og innsikt i merkevara di skapar vi innhald som treff målgruppa og engasjerer publikum – gjennom foto og film med høg kvalitet.

    Opptaka kan gjerast på lokasjon, i verksemda di eller i vårt fotostudio. Vi tilpassar prosjektet etter dine ønskjer og behov, slik at resultatet blir akkurat slik du ser for deg.

    Sjå meir på nettsida til Fotograf Cecilie Hatløy.

  • Illustrasjonar som forsterkar bodskapen.

    Illustrasjonar er eit kraftig verkemiddel for å løfte kommunikasjonen din. Dei kan forklare, sjarmere, vekke kjensler eller tilføre eit hint av humor – alt etter kva du ønskjer å formidle.

    Vi kan utvikle ein unik illustrasjonsstil for bedrifta di, slik at du får eit særeigent uttrykk som gjer deg lett gjenkjend på tvers av flater.

    Vil du ta det endå lenger? Illustrasjonane kan vidareutviklast til animasjonar, der bevegelse skapar ekstra blikkfang og engasjement.

  • Nettsider som gir resultat.

    Vi jobbar for at bedrifta di skal vere synleg på nettet. Med smarte løysingar og enkel, brukarvennleg design skapar vi nettsider som er lette å navigere og gir ei god oppleving for alle besøkande.

    Vi hjelper deg å vise fram produkta og tenestene dine på best mogleg måte – med fokus på både estetikk og funksjonalitet. Alle nettsider vi bygg i Squarespace er responsive, noko som betyr at dei automatisk tilpassar seg mobil, nettbrett og desktop.

    I tillegg sørger vi for at sidene fyller krava til universell utforming, slik at innhaldet blir tilgjengeleg for alle – uavhengig av funksjonsevne eller plattform.

    Prisar på nettsider – kva kan du forvente?

  • Frå idé til ferdig prosjekt

    Vi kan vere med deg heilt frå starten av prosjektet ditt. Med kreativitet, erfaring og strategisk innsikt hjelper vi deg å realisere visjonen din.

    Idéar treng drivkraft for å nå målet – vi kan vere din sparrepartnar, rådgivar og kreative motor. Saman utviklar vi ein plan som gjer at prosjektet ditt ikkje berre blir gjennomført, men blir ein suksess.

    Vi tilbyr støtte i alle fasar:

    • Idéutvikling og konsept

    • Strategisk planlegging

    • Design og visuell identitet

    • Produksjon av innhald (foto, film, illustrasjonar, tekst)

    • Lansering og synleggjering

    Med oss får du ein samarbeidspartnar som tenkjer heilskapleg og jobbar målretta for at du skal nå dine ambisjonar.

  • Marknadsføring som bygg merkevare.
    Synlegheit krev tid og kompetanse. Vi blir din forlengde arm og sørger for at bedrifta di blir lagt merke til. Vi skapar innhald som engasjerer, kampanjar som treff, og ein strategi som gir resultat – på nettsider, sosiale plattformar og gjennom nyheitsbrev.

    For deg som vil frigjere tid til kjernedrifta, tilbyr vi driftsavtalar der vi tek ansvar for den daglege kommunikasjonen – eller supplerer der du treng ekstra ressursar.

  • Design + produksjon = komplett løysing
    Kvifor nøye seg med design når du kan få alt ferdig levert? Vi bestiller direkte frå produsent, utan mellomledd, slik at du får topp kvalitet til rett pris.
    Vi leverer alt frå fasadeskilt og messestands til profilert arbeidstøy, bilreklame og trykksaker – alt koordinert av oss.

    Med oss får du ein enkel prosess, rask levering og eit resultat som gjer inntrykk.

En blå emoji med to prikker over og en oval med en vertikal strek i midten under.