Digital marknadsføring

Klarer du å nå ut til alle dine potensielle kundar?

Vi ynskjer å skape vekst for kundane våra! Vi arbeidar strategisk og målretta for at våre kundar skal tiltrekke seg nye kundar, men òg oppretthalde god kommunikasjon med sine eksisterande kundar.

Vi tilbyr:

  • Rettleiing for digitale kanalar

  • Utvikling av kampanjer og annonser

  • Drifting av nettside

 

Med interessant innhald, god design og ein raud tråd gjennom det heile, vil vi hjelpe deg å lage heilskaplege kommunikasjonsstrategiar. Vi arbeidar over ulike kanalar og kan bistå med marknadsføring på sosiale plattformar, nettside og/eller epost. Vi vil fungere som ei forlengande arm for bedrifter som ikkje har eiga marknadsavdeling, eller som berre treng litt ekstra muskelkraft.

Innhaldsproduksjon og drifting

Ein har aldri nok tid i kvardagen, ikkje til det ein må, bør eller vil! Vi tilbyr å bruke tid på noko av det du ikkje har tida til, nemlig å halde di bedrift synleg på nettet. Dette er ei veldig viktig form for kommunikasjon med kundar, òg for at du skal bli kjent for nye potensielle kundar. Vi kan produsere alt av innhald; tekst, foto/film og design, og vi kan hjelpe deg å vere aktiv på dine medier. Vi tilpassar innhaldet etter dine rammer, kva skal kommuniserast og kven snakkar vi til. Vi utformar innhaldet i tråd med bedrifta sin identitet og profilhandbok. Dersom du ikkje har ei profilhandbok kan vi sette opp dette for bedrifta di.

 

Usikker på kva du ynskjer? möremedia vil hjelpe deg!

Vi vil vere dine problemløysarar, om det er stort, smått, nytt eller gammalt. Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.