Prisgrupper nettsider
Behov vil variere frå kunde til kunde, og derfor har vi samla løysingane våre i tre oversiktlege prisgrupper. Desse gir deg eit godt utgangspunkt for kva du kan forvente – frå grunnleggande funksjonar til meir omfattande og tilpassa løysingar.
Når vi veit litt meir om kva du ønskjer, set vi gjerne saman eit skreddarsydd og heilt uforpliktande tilbod basert på prisgruppa som passar best for deg.
Ta gjerne kontakt med oss for ein prat – saman finn vi den optimale løysinga for dine behov!
Start
Prisnivå: 25 000 - 39 000
Treng verksemda di ei enkel og effektiv landingsside? “Start” er perfekt for deg med enkle behov og som ønsker ei brukarvennleg løysing til ein god pris.
Vi baserer nettsida på ein designmal og tilpassar den til din visuelle profil, slik at du får eit profesjonelt uttrykk utan unødvendig kompleksitet. Dersom du har behov for ekstra funksjonar eller mykje innhald, kan du sjå til dei neste prisgruppene.
✔ Enkel søkemotoroptimalisering
✔ Responsivt design – tilpassa mobil, nettbrett og desktop
✔ Trygg og enkel løysing basert på Squarespace
Pluss
Prisnivå: 40 000–79 000 kr
Her får du ei nettside med design spesielt utforma for di verksemd. Vi kan hjelpe med tekstinnhald tilpassa dine behov, slik at bodskapen din blir tydeleg og profesjonell.
Denne prisgruppa gir rom for ulike integrasjonar og har gjerne eit større omfang enn ei enkel startside. Perfekt for bedrifter som treng fleire sider og meir funksjonalitet.
✔ Skreddarsydd design tilpassa merkevara di
✔ Hjelp med tekstinnhald
✔ Integrasjonar (t.d. booking)
✔ Universell utforming – tilgjengeleg for alle
✔ Moglegheit for fleirspråkleg nettside
Premium
Prisnivå: 80 000–150 000 kr
Denne prisklassa passar for mellomstore verksemder og organisasjonar med mykje innhald og høge krav til funksjonalitet. Du får ei spesialtilpassa nettside med omfattande struktur og avanserte løysingar.
Her kan vi inkludere fleire element og funksjonar, som nettbutikk, bookingløysingar og andre integrasjonar tilpassa dine behov.
Her går vi også djupare på søkemotoroptimalisering (SEO) og analyserer data for å sikre best mogleg synlegheit og effekt.
✔ Komplett, skreddarsydd design
✔ Avanserte funksjonar og integrasjonar
✔ Utvida SEO og analyse
✔ Universell utforming

