JETS
BILDEBANK
Vi fekk oppdraget med å utvikle nytt fotomateriell for JETS - eit selskap som er leiande innan miljøvennleg sanitærteknologi. Målet var å styrke den visuelle kommunikasjonen deira, og skape eit bileteuttrykk som speglar kjerneverdiane: kompetanse, dedikasjon og tillit, samt merkeløftet Pioneering eco-efficient technology.
Gjennom tett dialog med markedsavdelinga i JETS planla og gjennomførte vi 3 dagar med omfattande opptak som dekkjer heile breidda av verksemda: forsking & utvikling, produksjon, teknisk kompetanse, service, arbeidsmiljø og ikkje minst, menneska som jobbar der.
Vi la vekt på å fange ekte situasjonar, naturlege samhandlingar og moderne, reindyrka uttrykk - med mål om å bygge eit konsistent og framtidsretta visuelt språk.
Resultatet er eit variert og kraftfullt biletearkiv som JETS kan bruke i alt frå nettsider og marknadsføring til presentasjonar, messer og ESG-rapportering.

