GJERDE RØR

VISUELL IDENTITET

NAMN & LOGO

NETTSIDE

FOTO & VIDEO

FASADESKILT

KLESTRYKK

BILREKLAME

MESSESTAND & MERCH

DRIFT AV SOSIALE KANALAR

GJERDE RØR - ei moderne rørleggarverksemd med tradisjonelle verdiar, etablert i 1972.

Selskapet har hovudkontor i Ulsteinvik og avdeling i Sykkylven, med rundt 30 dyktige medarbeidarar. Dei leverer komplette VVS-løysingar til bustader, offentlege bygg og næringsprosjekt.
Ei stor og viktig satsing for Gjerde Rør er avanserte VVS-installasjonar for større fartøy, der dei har lang erfaring og høg kompetanse. Med røter frå Rørservice og Uri & Søn har Gjerde Rør gjennomgått ei omfattande utvikling dei siste åra.

I 2025 vart det gjennomført ei total fornying av merkevara: nytt namn, ny logo og ein komplett visuell profil. Vi har gitt merkevara eit skikkeleg løft: fasadane prydast no av nye, stilreine skilt, bilparken rullar rundt med friske folieringar og den nye logoen i storformat – eit mobilt reklameshow! Og ikkje minst: heile teamet har fått seg splitter nye arbeidsklede med den oppdaterte profilen, klare til å vise kven dei er med stil og stoltheit.

Møre Media har vore ein sentral samarbeidspartnar i denne prosessen – frå utvikling av den visuelle profilen til drift og optimalisering av sosiale kanalar.
Dette har gjort Gjerde Rør langt meir synleg og tilgjengeleg for alle dei ønska å nå ut til.

Forrige
Forrige

MONTGOMERY

Neste
Neste

KONGSBERG