Nettsida som beste seljar
Å ha ei god nettside er viktigare enn ein kanskje trur, då ho ofte er det første og viktigaste inntrykket kundane får av deg. Kundane forventar at informasjon er enkel å finne, at sida fungerer godt, også på mobilen og at dei raskt forstår kva du tilbyr. Samtidig vurderer Google kvaliteten på sida di når dei avgjer kor synleg du blir i søk. Med andre ord: ei god nettside handlar ikkje berre om design, men ho påverkar både førsteinntrykket, brukaropplevinga og kor enkelt nye kundar finn deg på nett.
Det første møtet
I det sekundet ein potensiell kunde går inn på nettsida di, har du berre nokre få sekund på å overbevise. Difor er det avgjerande at det kjem tydeleg og raskt fram kva bedrifta tilbyr, og kven tenestene faktisk passar for. Dersom dette er uklart, forsvinn mange vidare til neste treff på Google – sjølv om bedrifta eigentleg kunne vore perfekt for dei. Ein klar og konkret presentasjon gjer at brukaren kjenner seg trygg, får tillit til bedrifta og raskt forstår verdien de leverer. Er sida utdatert, rotete eller treig, kan det verke som at bedrifta er det same.
Førsteinntrykket er ikkje berre viktig for overtale potensielle kundar, men det er viktig også for synlegheita til bedrifta i Google. Google målar kor lenge folk blir verande på sida di, og dersom mange forsvinn etter få sekund, tolkar søkemotorane det som at innhaldet ikkje er relevant. Dette vil føre til at nettsida di vil ende opp lenger nede i søkeresultata når kundar søker på tema som er relevant for di bedrift.
Brukarvennleg for alle
Over halvparten av all nettrafikk kjem frå mobil. Dersom nettsida di ikkje fungerer godt på små skjermar, kan du risikere å miste kundar. Det er også viktig at nettsida er universelt utforma, slik at den er brukarvennleg for alle uansett alder eller funksjonsevne. Det betyr til dømes at ein må ha god kontrast mellom tekst og bakgrunn og tydelege knappar. Det viktigaste du bør sikre for ei inkluderande og velfungerande nettside er:
Responsivt design som tilpassar seg alle skjermstorleikar
Tydeleg og stor nok tekst, utan behov for zooming
Tydelege kontrastar
Rask lastetid
Enkle og intuitive menyar
Få kunden til å handle
Call-to-action-knappar er dei knappane som oppmodar kunden til å gjere ei bestemt handling. Dette kan til dømes vere “Bestill no”, “Kontakt oss” eller “Les meir”. Desse knappane må ha tydeleg tekst, slik at kunden forstår kva som skjer når ein trykker på knappen. Dei må også vere lette å sjå, så både farge, plassering og storleik er viktige element. Dei er heilt avgjerande for konvertering, fordi dei fører kunden til handling.
Squarespace - ei enkel og fleksibel løysing
Squarespace er ein designfokusert publiseringsplattform som gjer det enkelt å lage strukturert, responsivt og estetisk innhald. Plattformen kombinerer ferdige designrammer med høg grad av fleksibilitet, slik at ein kan tilpasse uttrykk, innhald og funksjonar etter behov. Squarespace har integrerte verktøy for SEO, tryggleik, analyse og e‑handel, og gir ein solid grunnmur for profesjonelle nettsider som skal fungere godt på både mobil og pc. Samstundes tilbyr løysinga rom for avansert tilpassing for dei som ønskjer å skreddarsy funksjonar, design og arbeidsflyt utover standardløysingane. Resultatet er ein plattform som kan vere både intuitiv og svært tilpassa – avhengig av kva prosjektet krev.
Ei god nettside jobbar for deg døgnet rundt. Ho skapar førsteinntrykk, bygger truverd og gjer det enkelt for kunden å navigere. Ved å investere litt tid i desse nøkkelområda, er du allereie eit stort steg framfor dine konkurrentar.
Ny nettside for Montgomery AS

